onsdag, mai 21, 2008

Framande gater

Eit forsøk på å imponere på nynorsk:

Eg ante ikkje kva som ville skje då eg trykte på den raude knappen. Eg tenkte verda ville falle frå kvarandre, det kunne hende eg ville bli heilt einsam eller kanskje alt lys ville forsvinne. Det som faktisk hendte, låg langt frå nokon tanke eg hadde tenkt. Då eg trykte ned den store, illraude knappen, snakka vi plutseleg forskjellige språk. No forsto vi ikkje kvarandre meir og signala eg sendte ut blei ikkje motteken på riktig måte eller tolka riktig av deg.

Etterpå vakna eg inntulla i kvite laken, og eg kjente meg som Jesusbarnet må ha kjent seg då han blei lagt i den halmfylte krybba etter sin eigen fødsel i ein stall i Jerusalem. Eg låg riktig nok ikkje på ei madrass av halm, men fjæra i den harde og ubehagelege madrassa stakk meg så hardt i ryggen at dei kjendes til forveksling ut som ein halmballe. I staden for ei skinnande stjerne, var det ei lysande rørlampe som skein i taket over hovudet mitt og eg følte meg blinda.

Akkurat som med Jesus, kom det også mange vise menn på besøk til meg medan eg låg i denne senga. Nokre av dei prøvde å fortelje meg kor høgt det faktisk er frå eit vindauge i fjerde etasje og ned til bakken, men eg vart då slettes ikkje født i går og veit utmerket godt at det ikkje er ei lita strekning for eit menneske å tilbakeleggje i fritt fall.

Men så er vel ikkje det grunnen til at eg ligg her heller. Ingen seier det til meg. Dei smarte og kvitkledde folka kjem inn i rommet til meg og snakkar med mjuke stemmer. Eg merkar godt at dei går rundt grauten mange gongar, liksom for å unngå å smake på den varme delen i midten av tallerkenen. Eg fekk aldri heilt tak i kva for beskjed eller kunnskap dei forsøkte å fôre meg med før den dagen den blonde av dei kledde på meg dei vanlege kleda mine og eskorterte meg til utgangen. "Lykke til", sa ho då dei store glasdørene opna seg framfor meg og verda igjen var tumleplassen min. Lykke til er alt eg sit igjen med etter dagane i det kvite riket.

På gata rakk mange bilar å fare forbi meg før eg starta å gå. Motorvagnane kjørte bortover vegen med stor hastigheit som om livet var noe dei måtte rekkje. Dei forsto ikkje at livet både kjem og går i ei forutbestemt hastigheit og at ein ikkje kan komme raskare fram til endestasjonen om ein berre kjører fortare. Sjølv om eg ikkje visste kvar eg skulle gå eller kvar eg høyrde heime, gjekk eg no langs gatene og så på alle dei som passerte meg og levde liva sine.

Eg hadde spasert rundt slik nokre timar då eg faktisk starta å bekymre meg litt for kva som venta rundt neste gatehjørne, og eg fekk eit innfall: Eg måtte finne bilen min. Du ville bli sint, rasande på meg om eg kom heim utan bilen vår. Men eg hugsa ikkje kvar eg hadde parkert han. Eg hadde gått ganske lenge no, sikkert mange, mange timar, og ofte kom eg til ei gate eg visste eg hadde gått forbi for litt sidan eller eit tre som kanskje så kjent ut. Då vi hadde kjørt dit og parkert, trur eg vi tok ein annan veg enn denne. Vi kjørte nok på ringvegen utanfor byen, og det var nok derfor eg ikkje kjente gatene her så godt. Då eg hadde gått så lenge at sola gjekk ned, blei det endå kaldare ute og snart fall det små snøkrystallar ned på asfalten og nokre landa på toppen av hovudet mitt. Eg var bar mellom skjorta og buksa, og eg fraus både på magen og ryggen.

Idet eg var så sliten i beina at eg tenkte på å gjeve opp, kom eg endeleg til den rette gata. Lengst der borte, ved nummer treogtjue, trur eg det var, så eg at bilen sto på gata ved sidan av eit parkometer. Parkeringstida eg hadde betalt for hadde for lengst gått ut, og eg smilte litt for meg sjølv då eg såg etter om det låg ein bot under den eine vindaugsviskaren, men det ikkje gjorde det.

Det snødde ganske tett no, og bilen var nesten så dekka av snø at ein ikkje kunne sjå kva for farge den eigentleg hadde. Bildøra var open, så eg tok den litle vindaugskosten ut frå mellom forseta og kosta av frontruta og sidevindauga. Det hadde vore svigerfar sin bil før vi kjøpte den billig av han då han skulle investere i ein ny, sølvgrå og skinnande blank Mercedes, så eg visste det var veldig viktig for deg at vi alltid behandla bilen fint og forsiktig.

Eg sette meg inn i bilen og vridde nøkkelen om i tenninga. Eg var klar til å kjøre heim no, ete og kanskje sove litt, men aller først måtte eg finne deg for å ta deg med heim. Eg visste ikkje riktig kvar eg skulle byrja leitinga etter deg, eg ante ikkje kvar du kunne vere. Eg trådde ut av bilen igjen og blei ståande stille på fortauskanten og lytte. Hendene på hoftene. Alt eg kunne høyre var ein dunkande bass frå ei av leilegheitene i bygarden framfor meg. Då eg så opp, la eg merke til at fleire store vindauge i fjerde etasje sto på vidt gap. Musikken kom der oppefra.

Gateinngangen til bygarden var ikkje låst, eg kjente på handtaket, så eg gjekk inn i bakgarden for eg tenkte at eg like godt kunne byrje å leite i den leilegheita som noko annan stad. Eg gjekk opp dei lange trappane og kom raskt nærare og nærare musikkjelda. I denne oppgangen var det visst berre ei leilegheit i kvar etasje, så så snart eg var ferdig med mi trappekliving gjekk eg bort til den eine ytterdøra og ringte lenge på ringeklokka.

No, når eg sto her oppe, høyrte eg at musikken var veldig høg, så det var ikkje rart at det tydelegvis ikkje var nokon som hadde høyrt ringinga mi og kom for å sjå om det var ein venn eller ein klagande nabo som sto på døra og ville ha kontakt. Eg ringte på igjen. Eg trykka knappen inn og heldt han der lenge. Ei kjensle i meg fortalde meg at eg måtte komme meg inn denne døra og at det var her eg ville finne deg. Så blei det tatt i handtaket på innsida av døra og du lukka opp for meg.

Du var tydeleg overraska, og ga meg ein klem og eit lite kyss på kinnet medan du spurde kor eg hadde vore. Eg forsøkte å fortelje og å forklare, men du var for opptatt til å høyre på kva eg hadde å si, du hadde ein fest å gå tilbake til. Sant og si hadde eg nokre spørsmål eg følte eg måtte ha svar på óg, men no tok du meg i handa og leide meg inn i stua som var fylt med feststemte menneske som vagga med til rytmen i musikken.

Karane som satt i sofaen og drakk øl av brune glasflasker så opp på meg og ropte til meg noko om at eg var tilbake allereie og at eg ikkje skulle vere redd for å ha gått glipp av for mykje av festen. Eg så meg litt rundt i rommet, men ga fort etter for gutane sitt press om å setje meg ned med dei og drikke litt eg også. Eg hadde forferdeleg vondt i hovudet og den tunge bassen i diskolåtane som blei spilt båra seg inn i øyrane mine som skrustikkar. Eg overhøyrde det dei andre i sofaen diskuterte, eg satt berre og så bort på deg som lente deg mot ein dørkarm medan du snakka med nokon som sto inne på kjøkkenet, nokon eg ikkje kunne sjå.

Du merka nok at du hadde auge etsande inn i ryggen din, for du snudde deg mot meg og møtte blikket mitt. Deretter såg du ned i golvet og kom visst på noko du hadde glømt å gjere så du gjekk heilt inn i kjøkkenet og blei ute av syne for meg. Du kom ikkje ut av kjøkkenet igjen, så ei reiste meg opp frå sofaen for å gå inn til deg og leggje armane mine rundt livet ditt medan du sto ved kjøkkenbenken og skar ein lime i båtar til drinken din, knuste isbitar eller noko.

Ingen i sofagjengen sa noko til meg då eg forlét dei, men ei av venninnene dine så kvar eg var på tur, og ho kom raskt bort til meg og ga meg ein klem. Ho helste på meg og også ho sa at eg ikkje hadde gått glipp av noko medan eg var borte og at festen så vidt var i gang. Eg smilte litt usikkert, for eg forsto at ho eigentleg forsøkte på noko anna enn å berre småprate, men utveksla likevel nokre høflegheitsfrasar med ho før ei reiv meg laus og gjekk vidare mot kjøkkenet.

Då eg runda hjørnet og kom inn i kjøkkenet sto du ikkje ved benken slik eg hadde førestilt meg. Du satt på ein av stolane ved kjøkkenbordet og heldt hendene til min beste venn i dine. Du gret og han trøsta deg. Du hulka og det eg klarte å forstå og høre frå den avstanden eg sto, var noko med at du ikkje visste kva du no skulle gjere, at du måtte ha hjelp til å avgjere kva som skulle skje.

Den store, illraude knappen dukka opp framfor auga mine og eg vart freista til å kaste meg over han umiddelbart, men noko heldt meg att. Kanskje var det det at eg ikkje var sikker på kva det var du og kompisen min eigentleg satt der og prata om, eller kanskje det var det det at eg visste det så altfor godt.

Eg ante ikkje kva som ville skje om eg trykte på den denne knappen; om verda ville falle frå kvarandre, om eg ville bli ståande heilt aleine tilbake eller om alt lys ville forsvinne, men handa mi strakk seg likevel fram mot den og no trykte eg på den. Varsellamper gjekk av i hjernen min og eg rasa inn i rommet mot deg.

Eg sa ting, eg ropte ting, og du svarte og gret. Du slapp hendene hans og reise deg opp. Du gjekk i forsvarsposisjon, nesten med olbogane ned på knea. Vi prata ikkje, og ikkje kommuniserte vi på noko anna vis heller. Inga av oss ga den andre sjansen til å høyre og inga av oss ville forstå signala den andre sendte ut. Vi tolka ikkje kvarandre, men oversåg den andre og lèt vere å høyre.

Varsellampane blei akkompagnert av ulande sirener då eg låg på rygg på asfalten nedanfor vindauget i fjerde etasje. Du gjekk tilbake til festen då eg blei kjørt til det kvite riket, innsveipt i kvite laken og lagt på ei seng av strå. Festen var jo så vidt i gang.

6 kommentarer:

Anonym sa...

:O ! satan Ulrikke<3

vil skrive historia imårn på eksamen:S ! artig å skrive og lese!

Ulrikkeg sa...

Ikke på mårradagens eksamen, husk fagdagen! Bare man nevne nynorsk er toppen, trur æ man klare sæ bra:P

Anonym sa...

Ulrikke, æ blir nærvøs og anspent når æ læs sånne historia. Ka du mene egentlig, æ tørr ikke å førrstå alt..Mamma

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Ulrikkeg sa...

Jan Vidar sier man må være usannsynlig frisk og reflektert for å kunne skrive noe sånt... Og den beskrivelsen passer vel på meg?

Anonym sa...

Jan Vidar skulle bare ha vist...